Kommunestyremøte onsdag

Tilrår legevaktsamarbeid med Ålesund

Arkivfoto  Foto: vidar eliassen

Nyhende

Både helse-, oppvekst- og kulturutvalet (HOK) og formannskapet tilrår samrøystes at kommunestyret skal godkjenne ny avtale mellom Ålesund kommune og Stranda kommune om kjøp av legevakttenester frå Ålesund interkommunale legevakt.

Avtalen gjeld bygdelaga Geiranger og Liabygda, med verknad frå 1. januar fram til 1. juni 2021. Kostnaden ved ny avtale er 150.000 kroner høgare enn tidlegare avtale.

- Til no har vi for bygdene Geiranger og Liabygda hatt avtale med Ålesund interkommunale legevakt for nattlegetenester og med Ørskog interkommunale legevakt for legevakttenester frå 15.30 til 22.00 vanlege dagar og frå 08.00 til 22.00 på helg og høgtidsdagar. Ved oppretting av Nye Ålesund kommune frå 1. januar 2020 blir Ørskog innlemma i denne, og det er behov for ei fornya gjennomarbeidd og sams avtale som no vert lagt fram til godkjenning, skriv rådmannen.

Legevakta blir med andre ord vidareført på Ørskog, men med nokre endringar.

Ålesund interkommunale legevakt har bede om at opningstida for legevaktstasjonen i Ørskog blir 1600, altså ein halv time lenger enn i dag. På jul- og nyttårsaftan, samt onsdag før skjærtorsdag, har dei bede om at Stranda kommune tek ansvaret for legetilbodet for dei to bygdelaga mellom klokka 0800 til 1200.

Rådmannen skriv vidare:

- Behovet for akuttmedisinske tenester i Geiranger har til no i all hovudsak blitt løyst gjennom ambulansestasjonen i bygda, unntaksvis ved å kalle ut særskilt lege. Helse MR har teke opp spørsmål om ny organisering av ambulansetenesten i Geiranger og Eidsdal med Stranda og Fjord kommune. Gjennom ein såkalla "Geiranger-modell" skal det verte greidd ut om vi kan få ein ny og framtidsretta samarbeidsmodell mellom ambulanse- og kommunehelsetenesta. Det kan vere snakk om felles bruk av personell og kompetanse, og innføring av nyare teknologi/telemedisin i lagevakt og ambulansetenesten. Modellen er under utgreiing, så ingenting er bestemt. Det er lagt opp til kommunalt vedtak innan 1. juni 2020, skriv rådmannen.

Stranda kommune har ein avtale med Sykkylven legevakt for bygdelaga Sunnylven og Stranda tettstad utanfor ordinær opningstid og i helg/høgtider.

Denne avtalen går ut 1. mai i år, men kommunen legg opp til forlenging til 1. juni neste år.