Glatt føre gir trøbbel for tungtransporten

Stor merksemd om Strandafjellet

Statens Vegvesen har eit spesielt fokus på vogntog som har tenkt seg over Strandafjellet på glatt føre.

Statens Vegvesen har eit ekstra fokus på tungtrafikken over Strandafjellet etter mange episodar der store bilar har kjørt seg fast.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

– Vi er vi fullt klar over situasjonen med at store vogntog setter seg fast på glatt føre. I tillegg til Romsdalen er Strandafjellet den staden vi er spesielt merksame på. Difor er vi til stades med kontrollar så ofte vi kan. Sist haust bygde vi opp ein kombinert kjettingstad og kontrollstad på Lade i Velledalen, seier Leif Jarle Bergseth, som er fagleiar for utekontrollen i Statens vegvesen til Sunnmøringen. Bergseth har ansvar for tungbilkontrollen i Møre og Romsdal.