Cruisebåtar i juni

I juni det cruisebåtanløp kvar dag utanom to. Totalt er det 47 anløp og 33 ulike skip.

Costa Favolosa på veg ut Storfjorden, etter å ha vitja både Geiranger og Hellesylt. Arkivfoto 

Nyhende

Det er cruisebåtane «Iona» og «Astoria» med kvar sine fire anløp som blir oftast å sjå i juni. Begge skipa går for det britiske rederiet P&O Cruises. Med sine 337 meter og 5.200 passasjerar vil «Iona» vere av dei største skipa i sommar. Det er Le Jacques Cartier med sine 131 meter og 184 passasjerer som er månadens minste skip på besøk. Skipet vart ferdigbygd i 2020.