Næringsministeren til Geiranger

Opner Grøn Fjord-konferansen

Næringsminister Iselin Nybø opnar Grøn Fjord-konferansen 2020.  Foto: Næringsdepartementet

Nyhende

Næringsminister Iselin Nybø (V) opner Grøn Fjord-konferansen som tek til onsdag neste veke. Dette skriv næringsdepartementet i ei pressemelding.

Tema for konferansen er i år "Klimavenlege og berekraftige verdarvfjordar; betyr det tomme fjordar og fråflytting eller kan det gje oss nye forretningsmodellar og arbeidsplassar?"

Blant andre deltakarane på Grøn Fjord 2020 er cruisenæringa, SUSTRANS og Flakk-gruppen. Konferansen går føre seg i Geiranger onsdag og torsdag neste veke.

- Regjeringas politikk for reiselivsnæringa har høgare verdiskaping og auka lønsemd som mål. Ein viktig føresetnad er sjølvsagt at utviklinga skal skje på ein berekraftig måte. Dette er ei viktig næring som har eit stort potensiale, hvis vi gjer dei rette grepa . Eg ser fram til å delta på Grøn fjord konferansen der miljø og reiselivets betydning for lokalsamfunnsutvikling er satt på dagsorden, seier næringsminister Iselin Nybø (V).