Tungt å drive

Bokhandlar utfordrar unge

Yngre krefter med nye idear og lojale kundar. Det er håpet til eigarane av Stranda Bok- og Kontorservice.

Stranda Bok- og Kontorservice: Bjørg Vadøy og Lisbeth Jelle Sylte eig og driv butikken sentralt på Stranda. Snart er eigenkapitalen oppbrukt.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Den einaste bokhandlaren på mils omkrins hadde i fjor eit underskot på vel 205.000 kroner. Det er mellom tre og fire gongar så stort som året før, og dersom utviklinga held fram, er aksjekapitalen brukt opp dette året.