Helsedirektøren: Ikkje reis på hytta!

Strandafjellet. Reset. Hytter. Rolalden. Skitrekk.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Strandafjellet skisenter vart stengd fredag 13. mars, og stenginga gjeld fram til 26. mars. Det same gjeld Sunnmørsalpene skiarena i Sykkylven og Arena Overøye i Stordal.

Helsestyresmaktene ber folk om å bli heime – og ikkje å dra på hytta. Samtidig blir foreldre rådd frå å samle barn til leiketreff.

På den felles pressekonferansen til helsestyresmaktene fredag kom helsedirektør Bjørn Guldvog med ei innstendig oppfordring om at folk som er i heimekarantene og har heimekontor, held seg nettopp heime – og ikkje dreg på hytta.

– Hensikta er å ikkje spreie smitte frå lokalsamfunn til lokalsamfunn. Det kan vere nok med ein person som går mellom lokalsamfunn som gjer at ein får smitteutbrot stadig nye stader, sa Guldvog.

Oppfordringa gjeld òg dei som ikkje er sett i karantene. Guldvog viste til at mange hyttekommunar er små og har lågare kapasitet på helsetenestene.

– Husk at også du kan bli sjuk. Derfor er det lurt å vere heime, sa helsedirektøren.

– Kjempeviktig

Han viste til at mange hyttekommunar har bede alle hyttegjestene sine om å bli heime denne helga.

– Det kan vere eitt menneske som bringar smitte vidare og som gjer at lokalsamfunnet kan bryte saman. Det er kjempeviktig å lytte til, sa helsedirektøren.

Helsedirektøren uttalte òg at det er opp til kvar enkelt nordmann i utlandet å vurdere om dei vil dra heim, men åtvara mot at land fort kan innføre innreise- og karantenereglar, og flygingar kan bli kansellerte.

– Dropp leiketreff!

Med på pressekonferansen var òg helseminister Bent Høie (H) og direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet (FHI).

Sistnemnde bad om at barn blir haldne mest mogleg heime i tida framover og rådde mot folk å samle barn til leiketreff. Søsken kan likevel omgåast kvarandre som vanleg.

– Alle barn som er heime, blir bedne om å vere mest mogleg heime. Dette gjeld òg barn som framleis går på skule og i barnehage, sa ho.

Barna kan omgåast søsken som vanleg, og dette gjeld òg barn som bur meir enn ein stad.

Takksamt

Helseministeren takka for måten dei kraftige koronatiltaka regjeringa kom med torsdag, har vorte motteke på.

– Eg opplever at heile befolkninga er med på denne store dugnaden som både handlar om å avgrense smittespreiinga og jobbe for å unngå at for mange blir sjuke på ein gong, sa Høie då helsestyresmaktene heldt pressekonferanse fredag.

Høie er i heimekarantene og deltok via videolink. Sjølv om linja var noko dårleg, fekk han gjenteke fleire gonger at han er utruleg takksam for at folk følgjer råda frå styresmaktene, sjølv om det legg avgrensingar på fridommen.

– Dette kostar mykje for mange, sa Høie.

FHI-direktøren beklaga under pressekonferansen forvirring som hadde oppstått gjennom fredagen rundt karantenereglane.

Ho slo fast at dei som har vore utanfor Norden etter 27. februar, eller som har vore i nærkontakt med nokon som har påvist smitte, framleis må vere i heimekarantene i 14 dagar – men ikkje familiane deira, som det vart meldt tidlegare på dagen.