Mange folk i butikkane skaper smittefare

Vurderer langt kraftigare lut

Ekstraordinært formannskap i samband med korona-utbrotet. Kommunelege Steffen Schulz orienterer.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

Formannskapet var samla til ekstraordinært møte fredag ettermiddag, og der kom det fram at Stranda kommune no vurderar langt kraftigare lut med omsyn til å hindre smittespreiing.

Det vart peikt på at det torsdag var mange folk samla i matbutikkane samtidig, med den smittefaren det inneber.

– Eg meiner vi må be om eit telefonmøte med butikkane i Stranda kommune, der vi får orientering om kva dei gjer for å førebygge smitte, sa Frank Sve (Frp).

Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) sa seg samd med Sve.

– Vi må òg sjå på korleis ein kan få avgrensa kor mange som er inne i butikken samtidig, vakter i døra kan vere ei løysing. Det kan hende ein må innføre dei same reglane på apoteket, sa han.

Kommunelege Steffen Schulz orienterte formannskapet om situasjonen i Stranda kommune.

– Per no har vi ingen personar som har testa positivt for koronasmitte i Stranda kommune. Eg har seks personar som eg vil ha testa, sa han.

Nye retningslinjer i samband med testing frå sentralt hald seier no at ein skal fokusere testinga på helsepersonell med symptom på luftvegsinfeksjon og visse pasientgrupper – som til dømes pasientar som tilhøyrer risikogrupper.

– Er det berre eit tidsspørsmål før vi har det her?

– Ja. Og det er sannsynleg at vi har det her allereie, var svaret frå kommunelegen.

Stranda kommune set krisestab klokka 15 fredag ettermiddag.