Stranda

Vil ha fleirbrukshall på banen

-Fleirbrukshallen på Stranda må ikkje bli lagt på is. Kommunen må setje seg i førarsetet for å få han på banen.

Fleirbrukshall, Stranda. Grusbanen Leiar i Stranda Idrottslag, Steinar Belsby, meiner arbeidet med ny fleirbrukshall er altfor viktig til å bli lagt i ei skrivebordsskuff. Han ventar at kommunen tek tak i saka.   Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Det meiner leiaren i Stranda Idrottslag, Steinar Belsby. Han fryktar at den heilt nødvendige fleirbrukshallen i Stranda kan rykke bak i køa i høve liknande planar i andre kommunar.