Ferjetrafikken på Verdsarvfjorden

Utset oppstarten

Ferjetrafikken på verdsarvfjorden mellom Geiranger og Hellesylt skulle etter planen starte opp om to veker

Seinare oppstart: Planen var 1. april, no er starten av sesongen flytta til 30.april. Arkivfoto.  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Fyrste april har BF Bolsøy dei to siste åra starta å trafikkere ferjestrekninga, men i år blir det ikkje slik grunna koronaviruset. Det er ikkje avbestillingar, men heller mangel på førehandstingingar som verkar inn på planane for oppstarten av ferjetrafikken.