Korona

- Er framleis berre i fase ein

Ordførar Jan Ove Tryggestad meiner ein må vere budd på at koronautbrotet kan få større konsekvensar enn det ein til no har opplevd.

Ordførar Jan Ove Tryggestad legg ikkje skjul på at koronautbrotet og konsekvensane av det vil bli større enn det vi har sett til no.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Samstundes rosar han innbyggjarane for måten ein har takla situasjonen på til no.

– Eg er fantastisk imponert over alle som står på for å sikre lokalsamfunnet. Næringslivet har snakka saman og lagt om skiftordningar slik at foreldre kan veksle mellom å vere heime med borna. Difor har vi ikkje hatt behov for at mange barn samlast på skulane samstundes. Heimeundervisninga ser også ut til å gå rimeleg bra, i alle fall etter at ein fekk orden på internett som svikta her i Sunnylven. Også i barnehagane er det få barn, seier ordførar Jan Ove Tryggestad til Sunnmøringen.


Kripos åtvarar: Eldre er sårbare for korona-svindel

Rapportar frå inn- og utland viser at særleg eldre blir utsett for mange forsøk på svindel i samband med koronapandemien.


Beredskapsmøte

Han sit sjølv framleis i karantene etter eit utanlandsopphald, men er frisk. All kontakt med verda utanfor må difor gjerast på telefon og nett. Det gjeld også viktige beredskapsmøte som blir haldne i kommuneleiinga. Han har også hatt høve til å følgje fylkesmannen sitt beredskapsmøte.

– Er du nøgd med den informasjonen kommunen gir innbyggjarane?


FHI: 184 nye koronasmitta stadfesta i Noreg

Det siste døgnet har talet på stadfesta koronasmitta i Noreg stige med 184, ifølgje Folkehelseinstituttet. Totalt har over 40.000 vorte testa for viruset.


Betre informasjonen

– Det har vore både og. Vi vil gjere tiltak for å betre informasjonen når vi måndag har møte i beredskapsrådet i kommunen. Då har vi planar om meir omfattande strategi for å informere, også gjennom media. Vi ser etter kvart at vi kan frigjere ressursar i kommunen til meir informasjon, seier ordføraren.

Når det gjeld næringslivet gjentek han det han tidlegare har sagt til Sunnmøringen at ein vil analysere behovet til næringslivet i nært samarbeid med NHO.

Møbel og turisme

– Dermed kan vi formidle behovet til staten, seier Tryggestad, som særleg nemner møbelindustrien og turisme. Næringsmiddelindustrien har klart seg relativt godt til no, men også der vil det etter kvart kunne bli problem.


Regjeringa vil garantere for kriselån til små og mellomstore bedrifter

Regjeringa foreslår at staten garanterer for 90 prosent av lånesummen til mindre bedrifter som er ramma av koronakrisa. Obligasjonar skal hjelpe dei store.


– Korleis vil du beskrive situasjonen generelt?

– Vi er framleis i fase ein av koronautbrotet. Situasjonen vil bli meir krevjande etter kvart, men eg håpar at dei tiltaka som er gjort til no kan ha større effekt enn det Folkehelseinstituttet fryktar. Eg håpar også at hyttefolket held seg til dei påboda som har kome frå sentralt hald.

Meir helsepersonell

– De har oppmoda om at helsepersonell melder seg. Korleis har det gått?


St. Olavs hospital har fem innlagde koronapasientar

Fem pasientar med koronasmitte er innlagde på St. Olavs hospital i Trondheim. Ingen av dei treng intensivbehandling. Kapasiteten er rekna til 300 pasientar.


– Mellom 15 og 20 personar har til no stilt seg til disposisjon til ulike oppgåver. Takka vere at mange er på tilbodssida, kan vi fase dei inn etter kvart som vi ser behovet, seier ordførar Jan Ove Tryggestad til Sunnmøringen.