Alle fotballbaner stengt

Alle kommunale fotballbaner er stengde, grunna korona-situasjonen. Dette gjeld og ballbingar.  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Norges Fotballforbund har bedt om klarare retningslinjer i høve koronaviruset. No ber forbundet baneeigarar i landet om at alle fotballbaner vert stengde inntil vidare. NFF har bedt helsemyndigheitene om klart svar på som er tillate eller ikkje.

Også Sunnmøre Fotballkrets har teke imot fleire signal om at det vert drive eigenorganisert aktivitet rundt om på banene på Sunnmøre. Fotballforforbundet har så langt ikkje kunne gje kretsen eit klart svar på om det er tillate. For Stranda kommune sin del gjeld dette Stranda stadion og grusbana, Hellesylt stadion og grusbana i Liabygda i denne omgang.

– I prinsippet gjeld dette alle kommunale fotballbaner, seier Elisabeth Opsvik, einingsleiar i kultur og fritid i Stranda kommune. Så lenge det ikkje er eit pålegg frå myndigheitene er det lite Stranda kommune kan gjere med ballbingar og liknande i denne omgang.

– Vi oppmodar foreldre om å ta dette opp med barna sine. Dette handlar om å ta ein prat om kor viktig det er å overhalde pålegget, oppmodar Opsvik.

Tidlegare er det avgjort at all breiddefotball skal vere innstilt ut april månad.