Braut smittevernlova

Fekk 20.000 kroner i bot

Nyhende

Møre og Romsdal fortel i ei pressemelding tysdag ettermiddag at ein helsearbeidar i fylket har fått bot på 20.000 kroner for brot på smittevernlova.

Vedkommande er tilsett i helse- og omsorgstenesta i ein kommune i politidistriktet, og har vore i kontakt med ein person som har fått stadfesta koronasmitte.

Arbeidsgivaren påla vedkommande karantene. Denne vart broten då vedkommande drog på fest til naboen natt til 21. mars.

Vedkommande varsla sjølv arbeidsgivaren om hendinga.

Bota er forkynt og vedteke