Ny skogsbilveg mellom Helsem og Kjølås

Skal ta ut store mengder skog

Frå Helsem og Kjølås skal det no byggast ut over 2,8 kilometer med skogsbilveg

Grunneigarar og entreprenørar på synfaring langs skogsvegtraseen.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Vegen vil bli det lengste nye skogbruksanlegget i seinare tid på indre Sunnmøre. Stranda kommune er positive til prosjektet fortel skogbrukssjef, Asle Konnerth. Skogsvegen gir tilgang til nesten 1200 dekar skog som i volum gir nærare 24.000 kubikkmeter skog. I Noreg vart det i 2018 totalt teke ut 8 millionar kubikk gran. Skogsvegen er klassifisert som sommarbilveg for tømmerbil med hengar.