Ekornes-fabrikken stengjer før påske

Sykkylven. Morgenstemning Ekornes AS. Møbelfabrikk  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Allereie tysdag stengjer møbelfabrikken Ekornes i Sykkylven ned produksjonen til over påske, skriv Nett.no.

Det er sendt ut varsel til 990 Ekornes-tilsette både i produksjonen og administrasjonen.

Hovudtillitsvalt Edvard Lie i fagforbundet Industri og Energi fortel at det per no er mykje uvisse mellom dei tilsette. Han har likevel ikkje noko å utsetje på framferda til leiinga.

– Vi har hatt eit godt samarbeid og det har vore ein ryddig prosess. Folk vil gjerne ha jobbane sine att etter at koronakrisa går over ein gong i framtida. Men per i dag er det mykje uviss rundt når det skjer, fortel han til Nett.no.

Etter påske ønskjer møbelprodusenten å ha flest mogleg tilsette på jobb dei dagane dei skal ha produksjon.

– Vi veit ikkje kor mange dagar i veka det blir produksjon, men vi har blitt samde om å køyre nokre fulle dagar og stengje fabrikken dei andre dagane i veka. Det er mest rettferdig og best økonomisk, seier hovudtillitsvalt Lie.