Sponser nettbrett til bebuarar

Banksjef Kjell Martin Ringset i Sparebanken Møre.  Foto: Arkivfoto: Hege Bjørkedal

Nyhende

Banksjef Kjell Martin Ringset i Sparebanken Møre på Stranda fortel i ei pressemelding at banken ønsker å sponse nettbrett til omsorgssenter og heildøgsbemanna omsogsbustader.

- Det har den siste meldt seg eit behov på desse stadene. Det er innført besøksforbod grunna korona, og då må ein tenkje nytt for å halde kontakt med familie og pårørande. Tilsette står på og gjer det dei kan for bebuarane, og vi ser mellom anna at dei har tatt med sine private mobilar og nettbrett på jobb for at bebuarane kan få sett sine kjære via nettløysingar, skriv Ringset.

Banken har fått førespurnad frå fleire kommunar om tilskott til å kjøpe inn nettbrett for å gi bebuarar eit tilbod om kommunikasjon med pårørarande og familie.

- Vi har bistått fleire stader med dette allereie, og vil no rulle ut dette tilbodet i alle kommunane der vi har kontor. Dette gjeld då òg Stranda kommune, seier Ringset.

Banken samarbeider med Utviklingssenteret for heimetenester og sjukeheim i Møre og Romsdal og Arena for Læring om Velferdsteknologi om tiltaket.

- No vil vi kontakte kommunen for å kartlegge kva behov som er, og gi informasjon om korleis ein kan søkje tilskott, seier Ringset.