FV63 Indreeide - Geiranger

Vegen er open

Nyhende

Vegvesenet melder klokka 10 søndag føremiddag at vegen mellom Indreeide og Geiranger på fylkesveg 63 no er open.

Vegvesenet valde å stenge strekninga torsdag grunna fare for snøras på strekninga, og dårlege vêrutsikter med mykje snø og vind.

Vegvesenet meldte laurdag ettermiddag at FV63 mellom Indreeide og Geiranger vart mellombels opna mellom klokka 1500 og 2100 laurdag ettermiddag/kveld.

Vegen vart stengd igjen klokka 2100 laurdag kveld, grunna rasfare på strekninga.