FV63 Geiranger - Indreeide

Vegen opnar i ettermiddag

Nyhende

FV 63 mellom Geiranger og Indreeide opnar torsdag ettermiddag klokka 16 fortel Vegvesenet.

Vegen har vore stengd sidan tysdag grunna snøskredfare etter fleire dagar med stort snøfall.

Rasferja har siste tur frå Hellesylt klokka 1630 torsdag ettermidddag, med ankomst Geiranger klokka 1730.

Sambanda Eidsdal-Linge og Stranda-Liabygda har normal drift.

For FV655 gjennom Norangsdalen er det inga endring mellombels - vegen er framleis stengd torsdag grunna fare for snøras.