Generelt forbod mot eld i skog og mark

Forbode med bål i skog og mark

Det generelle bålforbodet i skog og mark tok til 15. april

Forbod mot bål og eld i skog og mark gjeld også bålpanner. Illustrasjonsbilete  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Med sol og meir varme i vêrmeldingane i dagane framover og folk kanskje kjem til å nytte seg av naturen, kan det vere greitt å minne om det generelle bålforbodet utandørs.

Det generelle forbodet gjeld fram til 15. september og inneber forbod mot å tenne bål, eingongsgrill, bålpanner og annan open eld i skog og mark.

Framleis vått i bakken

I vårt område ligg det framleis snø rundt om, og det har vore store mengder nedbør over lang tid.

– Slik situasjonen er per i dag er det liten skogbrannfare i vår kommune, seier brannmeister i Stranda kommune, Inge Teigen.

– Dersom det kjem ein lenger periode utan nedbør og blanda med vind, går det kort tid før det er tørt i skogen, og skogbrannfaren aukar, forklarar han.

Skogbrannfare

Skogbrannfare kan kvar enkelt sjekke ut på yr sine sider for spesialvarsel

Stranda kommune varslar eventuell skogbrannfare på sine nettsider. Tenning av bål skal no avklarast med brannetaten og kommunen arbeider med å få på plass elektronisk søknadsskjema dersom nokon har behov for å tenne bål.

– Den som tenner bål, er sjølv ansvarleg for å sløkke det heilt og rydde opp etter seg. Det er spesielt viktig å unngå å belaste brannvesenet unødig nå som vi er midt oppe i koronakrisen. Mange kommunar tilretteleggar for bålbrenning ved å etablere godkjente bålplassar, og disse er det normalt tillate å bruke hele året. Vi anbefaler bruk av disse der det finst, seier Rolf Søtorp i Brannvernforeningen.

I eigen hage

I dei generelle råda frå Brannvernforeningen står det at det er lov å grille i eigen hage, men vis omsyn til dine naboar. Reduser bruk av eingongsgrill. Dei er årsak både til fleire grasbrannar og dei forsøplar. Ta den alltid med frå naturen.

Bruk berre godkjente bålplassar om du skal tenne bål. Hald oppsyn med bålet heile tida og forlat aldri bålet med mindre du er heilt sikker på at det er skikkeleg sløkt.