Skjønnsmidlar frå Fylkesmannen

Nesten 1, 1 millionar kroner til Indre

  Foto: Colourbox.com

Nyhende

Dei tre kommunane på indre Sunnmøre får nesten 1, 1 millionar kroner ekstra i skjønnsmidlar frå fylkesmannen, skriv fylkesmannen i ei pressemelding fredag føremiddag.

Dei ekstra skjønnsmidlane kjem i samband med utbrotet av koronaviruset. Stortinget har vedteke å auke skjønnsramma til kommunane med 400 millionar kroner.

Kommunane i Møre og Romsdal får totalt 19, 766 millionar kroner av dette.

Fordelinga på indre Sunnmøre:

Stranda kommune: 337 062 kroner

Sykkylven kommune: 568 228 kroner

Fjord kommune: 189 956 kroner

Størst del av utbetalingane går til dei tre største byane i fylket. Ålesund frå vel 4, 9 millionar kroner, Molde får vel 2, 3 millionar og Kristiansund får vel 1, 8 millionar kroner.