Fredag går prisen ned

Auka trafikk: Ferjestrekningane Stranda-Liabygda og Eidsdal-Linge har auke i både passasjer og køyretøytrafikken.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Fylkestinget vedtok den 20.april at takstane på fylkesveg-sambanda skal vere på same nivå som for statlege ferjesamband.

Det betyr i praksis at takstane blir to takstsoner lågare enn i dag på nesten alle fylkeskommunale samband. Passasjerar reiser gratis.

Takstreduksjonen blir innført frå og med fredag 1. mai, og gjeld inntil vidare. Det blir òg redusert innbetaling på Autopass, frå 3.500 kroner til 1.500 kroner.

Vedtaket frå fylkestinget er ein del av tiltakspakken for å bremse negative verknader av koronaempidemien i fylket.

Måndag kom meldinga om at Fjord1 igjen set inn to ferjer på sambandet Magerholm-Aursnes, etter at sambandet sidan slutten av mars har gått med ei ferje på sambandet etter at trafikkgrunnlaget svikta som ein følge av koronasituasjonen.