Digitale finaler neste veke

Ikkje med vidare

Stranda vidaregåande skule sine to ungdomsbedrifter kom ikkje med til finaleveka.

Lansering av ungdomsbedriftene 2020: Plastic Mission UB under lansering av ungdomsbedriftene ved Stranda vidaregåande skule i desember i fjor. 

Økologisk Gardsmat UB sin løvbiff er på plass i butikk. Ungdomsbedrifta var vidare til NM, men nådde ikkje heilt til finalen.  Foto: Ole Bjørn Hjellegjerde

Nyhende

Plastic mission og Økologisk gardsmat UB var representert i fire kategoriar inn mot finalen for ungdomsbedriftene. 138 bedrifter er blitt til 60 finaleveka som startar på måndag.

Frå Møre og Romsdal går Marimo UB og iPakk UB frå Romsdal VGS til finalen om Innovasjonsprisen. iPakk UB er også med i kategoriane Beste samarbeid med næringslivet og Bærekraftprisen. Eldretjenesten UB frå Atlanten VGS er i finalen for Beste forretningsplan. Marimo UB er i finalen og skal konkurrere med 18 andre ungdomsbedrifter i kategorien Beste ungdomsbedrift.

Finalistane er vidare til intervjurunde med dei respektive juryar.

Alle finalane blir sendt direkte på Ungt Entreprenørskap Norge sine Facebooksider.