Fem år som satte varige spor

Fri frå overmakta

Tyske soldatar var på Hellesylt for å hente høy, dei blei pent bedt om å forlate tomhendt

Det norske flagget vaiar i vinden hos Åge Gjørvad. For 75 år sidan opplevde han frigjeringsdagen 8. mai 1945.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Han var 14 år då nyhenda om at krigen var over nådde han. I dag 75 år seinare minnest Åge Gjørvad det som om det var i går.

Både frå bygda og dalen var bønder på veg med fulle høylass som skulle lastast om bord på den tyske båten som låg til kai på Hellesylt. Åge og resten av konfirmantkullet skulle skrivast inn. Presten kom inn døra og stod framføre konfirmantane og sa; «I dag tek vi fri, det er fred i landet». Konfirmasjonen måtte vente.

Folketog i gatene

I gatene marsjerte Hornindal musikkorps i spissen av det lange toget som feira frigjeringsdagen. Det norske flagget vaia i vinden saman med det amerikanske. Blendingsgardiner, tyske gardiner og andre tyske ting vart samla til eit bål som på kvelden slukte det tyske propagandamaterialet.

Varige spor

Krigen set sine spor, og det er tydeleg at dei set godt i Åge. Levande blir historia fortalt, det er nesten som at ein kan late igjen auga så er ein der og opplev det. Det var ei mørk tid.

– Det var fem år med tvang, fortel Gjørvad.

Tyskarane kontrollerte alt. Mjølka som var kjøpt. Kven som fekk reise.

– Det var viktig å ha papira i orden, elles vart ein arrestert, forklarar han.

Lovande vår

Våren 45 kom som våren året før. Snøen smelta i fjella og overalt var det på veg til å bli grønt.

Hadde det vore i dag hadde nok dei fleste både lest nyheiter og delt bilete illegalt på mobilen.

Den tida, i 45, var det radioen som verkeleg gjaldt. Radio var ikkje lovleg å ha, og eigde du det kunne du risikere å bli skoten.

Nyhende frå utlandet

Åge fortel om fleire kreative løysingar for dei som lytta til radio. Om korleis han sat vakt når dei vaksne høyrde på radio og han heldt utkikk etter dei som ikkje skulle kome.

Nyhende om at krigen stagnerte i Russland var av dei fyrste teikna om at noko var i kjømda. Dagane før 8. mai 1945 var dei fleste tyske soldatane reist frå Hellesylt.

Dei siste som reiste, reiste med eit tomt lasteskip.