Norsk Friluftsliv fryktar slitasje og forsøpling på populære turistmål

  Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Svært mange seier dei vil besøkje mellom anna Lofoten, Telemarkskanalen og Geiranger til sommaren. Det bekymrar Norsk Friluftsliv, som fryktar stor slitasje.

Ein av ti opplyser at dei vil besøkje Lofoten i sommar, ifølgje ei ny Ipsos-undersøking. Også Telemarkskanalen og Geiranger er populære turperler, og 300.000 og 255.000 vil sannsynlegvis besøkje desse stadene i sommar.

Fellesorganisasjonen Norsk Friluftsliv skriv i ei pressemelding at dei er glade for at mange blir trekte mot naturen og friluftslivet, men meiner tala gir grunn til bekymring.

– Om alle skal presse seg saman i same turområde i ein kort sommarsesong, har både vi og naturen eit problem, seier generalsekretær Lasse Heimdal i Norsk Friluftsliv.

– Fleire folk på same turstad betyr dessverre òg meir forsøpling og slitasje. Dersom nær ein halv million nordmenn tenkjer å besøkje Lofoten i sommarferien sin, kan dette får store konsekvensar, åtvarar han.

Norsk Friluftsliv håper folk tør å tenkje alternativt når dei planlegg ferien, slik at ein unngår eit unødig trykk og slitasje på dei mest kjende reisemåla.