Brot på verneforskrift

Får behalde uthus på gamle tufter

Grunneigaren bygde opp eit nytt uthus på gamle murar på Ytste Åkerneset. Det var brot på verneforskrifta.

Grunneigaren har gjort mykje for å få fram dokumentasjon på korleis det gamle uthuset på Ytste Åkerneset har vore. Dermed kunne det gjenskapast, noko kulturavdelinga i fylket meiner er heilt i orden.  Foto: Sakspapirer

Nyhende

Verneområdsstyret for Geiranger-Herdalen har likevel gitt grunneigaren under visse føresetnader dispensasjon etter Naturmangfaldslova. Dermed får uthuset stå, men han må gjere nokre endringar.