Styreleiar Jan Ove Tryggestad

-Sal av kraftverk er investering i landbruket

-Som bønder ønsker vi å gi garden vidare, litt meir utvikla enn han var då vi tok over. Det gir salet av Tryggestad Kraft grunnlag for.

Tidlegare eigarar av Tryggestad Kraft: Hans Hole, medeigar, Olav Hauso, dagleg leiar og Jan Ove Tryggestad, styreleiar.   Foto: Staale Wattø, Sunnmørsposten

Nyhende

Det meiner styreleiar Jan Ove Tryggestad i Tryggestad Kraft. Nyleg vart det klart at eigarane av selskapet har selt aksjane sine til det finske selskapet Finsk Kraft AB. Nokre vil meine eit sal til utlandet ikkje samsvarar med ønsket om desentralisering og å styrke bygdene.