Storfjord Kulturhus

Ny Stranda-quiz i pinsa

Storfjord Kulturhus gjentek suksessen med digital-quiz.

Laurdag på pinseaftan blir det ny digital påskequiz frå Stranda Kulturhus. Quiz-masterar er som vanleg Paul Ivar Pedersen og Leidulf Årvik  Foto: Faximile Sigurd Drege

Nyhende

Pinseaftan, som er komande laurdag, samlast "kloke hovud" bak PCn heime i eigne stover for å bli utfordra på kunnskapar om smått og stort.

-Vi inviterer også til å bli med "live" i Storfjord kulturhus, men då må ein melde seg innan torsdag kveld. Vi kan sette opp ni bord med plass til fem personar rundt kvart bord, slik reglane frå helsestyresmaktene tillet. Der vert det også open bar. Alle må ha med seg eigne pc-ar, dersom dei skal vere med på quiz-en, seier leiaren av Storfjord Kulturhus, Sigurd Drege til Sunnmøringen. Sist reknar ein med at rundt 500 var med på quizen.

Svært populært

Quiz i Storfjord kulturhus har vore svært populære arrangement, men da korona-pandemien slo til i vinter, mått ein avlyse arrangementet i kulturhuset sist påske. I staden vart det arrangangert ein digital quiz, der dei påmelde sat heime. Tiltaket vart så populært at det vart reprise tidleg i mai, og no blir det enda ein ny reprise i pinsa, opplyser Sigurd Drege.


Stor oppfinnsomheit i korona-krisa

Mange såg Stranda på nett


Quiz-arrangementa i Storfjord Kulturhus har gitt gode pengar i kassa til kulturhuset, men når det heile skjer digitalt, mister ein meirinntektene som salet av drikkevarer og snacks utgjer.

Ikkje ideelt

-Digital quiz blir neppe eit fast innslag frå kulturhuset, men i desse dagar er det ein måte å få inntekter på. Alle monnar drar. Deltakarane kan vippse frivillig deltakaravgift. I tillegg har vi gode sponsorar med oss, seier Drege, som lovar gode premiar, mellom anna i form av gåvekort til arrangement på Storfjord Kulturhus.

- Quizen frå Storfjord Kulturhus er kjent for å ha eit høgt nivå, så her er det berre å melde seg på, seier Sigurd Drege.