Testar ut MF Veøy

Teknisk prøvetur

Bilferga Veøy ligg for tida til kai på Stranda, men i dag var det prøvetur.

Bilferja Veøy er ute på teknisk prøvetur på Verdsarvfjorden i dag.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Veøy vart i vår godkjent av Sjøfartsdirektoratet utan pålegg.

– Det er vi ganske stolte av, med ei så gammal dame, seier operativ leiar i The Fjords, Rune Midtkandal.

Ferja er frå 1974 og vart bygd ved Hjørungavaag Mek. Verksted. I ei årrekke har ferja trafikkert strekninga Geiranger – Hellesylt sommarsesongen.


Fjordcruise til ferja startar

Rute mellom Geiranger og Hellesylt


Teknisk prøvetur

I vår vart det skifta ut ein turbo og i dag vart det ein teknisk prøvetur frå Stranda og innover fjordane til Geiranger for å forvisse seg om alt er på plass.

– Turen har gått bra og Veøy er klar til å ta imot passasjerar når den startar opp 12. juni, fortel Midtkandal.

Før den tid har The Fjords inngått samarbeid med Geiranger Fjordservice om frakt av passasjerar mellom Hellesylt og Geiranger.


Gledar seg til å kome igang

Snart turistar på fjorden


Midtkandal er spent på korleis årets sesong vil arte seg men meiner at no må ein berre satse.

– Nokon må vere fyrst ute, seier han.