Kamp om sommarjobbar

Vikitige oppgåver for LOs sommarpatrulje

I år er LO sin sommarpatrulje ute for 35. år på rad. Dei ser for seg at det blir ein kamp om sommarjobbane.

LOs sommarpatrulje blir å sjå rundt i fylket i vekene 26 og 27. I vår kommune besøker dei Geiranger.  Foto: LO Møre og Romsdal

Nyhende

– I ein tid med høy arbeidsløyse, særleg blant unge, er det enda viktigare enn nokon gang å få gjennomført sommarpatruljen heiter det i ei pressemelding frå LO Møre og Romsdal.

Med få sommarjobbar tilgjengeleg og ei tid med høg arbeidsløyse, spesielt blant unge, er jobben dei gjer særleg viktig.

– Årets patrulje handlar i hovudsak om å vere til stades og tilgjengeleg, uttaler LO.

Kjem til Geiranger

I vekene 26 og 27 blir sommarpatruljen å sjå rundt i fylket, onsdag 24. juni er dei i Geiranger.

– I år vil vi ikkje nå ut til like mange bedrifter som vi normalt pleier. Det er derfor viktig at arbeidstakarane kjem til oss ved behov, skriv LO.

Sommer patruljen vil gjennomføre bedriftsbesøk der det er forsvarleg. Elles er det lagt til rette for telefonintervju slik at intervju kan gjennomførast utan at dei er til stades i bedriftene. Dette for å minske faren for spreiing av koronaviruset.

Sommerpatruljen finst også på Facebook der unge arbeidstakarar kan nå dei.