Sol og varme

Stor pinsetrafikk i distriktet

Med strålande sol og ein smak av sommar, fyllest det opp på campingplassar i Stranda.

Mange tar turen til indre fjordstrok og Stranda i helga.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

-Det er stor pågang av turistar som vil tilbringe pinsehelga på Hellesylt. Her er det eit fint utgangspunkt for turar i distriktet, seier ein strålande nøgd eigar av Hellesylt Camping, Arne Inge Tryggestad.

Hellesylt er blitt ein populær stad for ferieturistar, og i helga er det venta fullt på campingplassen.  Foto: Svein Lunde

Fleire bubilar

Campingplassen har ikkje hytter, men desto større plass til bubilar, campingvogner og telt. Særleg har det vore ein auke i bubilturistar, seier Tryggestad, som meiner gjestane er ein blanding av sunnmøringar og turistar som kjem langvegs frå. I himmelfartshelga var dei lengstfarande frå Odda og Bodø.

-Mange kjem att år etter år, men det er også mange nye turistar, seier Tryggestad.

-Kvifor kjem ein til Hellesylt?

Mange utfluktar

-Fordi det er så mange moglegheiter for utflukter, anten ein vil til fjells, eller ta seg turar innover i Sunnylvsbygda. Mange har oppdaga turen frå Ljøen opp til Ljøsetra. Dei startar med joggesko og tek på seg randoné-skia på turen vidare. Ein bør vere sprek, men det er fine tilhøve på fjellet.

-Det er varsla rasfare?

-Dei aller fleste som legg ut på slike turar veit å passe seg, seier Tryggestad, som legg til at ein med dette veret i pinsa kan oppleve vintger, vår og sommar på ein gong.

Stranda Feriesenter

Også Helge Ibrahim ved Stranda Feriesenter merkar auka pågang av turistar med bubilar.

Helge Ibrahim ved Stranda Feriesenter ryddar plass til fleire bubilar på campingplassen på Stranda.  Foto: Johan Behrentz

-Førespurnadene har tatt seg stort opp. Om kort tide tek vi til å rive gamle hytter for å gje plass til fleire bubilar, seier Ibrahim, som også formidlar utleige av hytter på fjellet.

-Familie- og gruppemarknaden har vore dårlegare. No kjem det ikkje utanlandske turistar. På feriesenteret blir det snart berre nye hytter, seier Ibrahim, som er godt i gang med planlegginga av fleire feriehytter på Stranda Feriesenter.

Gode temperaturar

Vervarslinga syner temperaturar opp i 21 grader laurdag og søndag. Det er stort sett eit stor, gul sol med milde skydottar i alla fall fram til måndag ettermiddag.