Tostemt slåttespel over Kviven

Kviven duo har funne tonen med slåttar frå Nordfjord og Sunnmøre.  Foto: Kristin Støylen

Nyhende

Fjellet Kviven skil Hornindal i Nordfjord frå Austefjorden på Sunnmøre og har vore ei ferdselsåre i hundrevis av år. No kjem folkemusikkgruppa Kviven duo med si første plate der dei sameiner nye og gamle slåttar frå områda på kvar side av fjellet.