Smittevern

- Eldre lir under strenge besøksreglar

- Ein må ikkje setje dei psykiske og mentale behova for dei eldre heilt til side for å halde på strenge smittevernreglar.

Kirsti Engeset meiner det er unødvendig strengt regime omkring dei eldre på institusjonane i Stranda. Det går etter hennar meining ut over den mentale helsa til dei eldre.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Det meiner Kirsti Engeset, som har mor si buande på Solbakken eldrebustader på Stranda. Heilt sidan korona-pandemien slo inn for fullt har det vore strenge besøksreglar også på institusjonane i Stranda kommune. Etter kvart som sjukdomen har gått tilbake, er det blitt letta på reglane rundt om i kommunane, men etter Engeset si meining held Stranda framleis på eit strengt regime.