Mange norske turistar vil til Geiranger

Hektisk på fyrste turane

Ti veker etter den planlagde oppstarten var det i dag klar for fyrste ferjetur mellom Geiranger og Hellesylt

Danske Jacob Hoedeman har haika rundt i Noreg. Han synes han var - sykt heldig, som får oppleve Noreg på ein slik måte.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

I strålande sommarvêr kom det bil etter bil på ferjeoppstillingsplassen på Hellesylt. Ute i fjorden får ein fyrste blikk av bilferja Veøy som rundar Nakkeneset for fyrste gang i år. Sesongen har starta overraskande bra fortel mannskapet ombord på ferja. Litt forsinka frå Geiranger blir det hektisk på Hellesylt når også der står fleire bilar og motorsyklar og ventar på å komme på ferja.