Stranda kommune med brev til grunneigarar

Vil ha tomtene tilbake

Illustrasjonsfoto  Foto: Colourbox/Irina & Eugene Moskalev

Nyhende

Stranda kommune har skrive brev til to personar som har fått tildelt gratis tomt i eitt av bygdelaga i Stranda kommune.

Den eine tomta vart tildelt i 2009, nummer to vart tildelt i 2012.

Båe tomtene kom med vilkår om bygging og busetting i Stranda kommune, og byggjefristen vart i tildelingsvedtaket sett til to år.

- Kommunen kan ikkje sjå at vilkåret er oppfylt. Stranda kommune har forkjøpsrett til ubebygd tomt for same kronebeløp som søkjar har innbetalt til Stranda kommune, i dette høvet kroner 0,-. Dokumentavgift og tinglysingsgebyr for skjøte vil verte dekka av kommunen ved frivillig overskjøting, skriv kommunen i brevet til grunneigarane.

Frist for å kome med innspel i saka er sett til 1. juli.