Fleire i Geiranger stiller opp

Vil gi gratis ferieoppleving

Då Stein Lystad og Lindis Flem Harnes fant ut at sommaren kom til å bety mykje arbeid, vart ein idé fødd

Slik er utsikta frå huset til Stein Lystad og Lindis Flem Harnes i Geiranger.  Foto: Privat

Stein Lystad og Lindis Flem Harnes ønsker å hjelpe nokon som ikkje har råd til noregsferie.   Foto: Privat

Nyhende

Dei ønsker å stille heimen sin i Geiranger til disposisjon til ein familie som ikkje har råd til ferie i år. Foreløpig har dei tenkt ei langhelg, eller ei midtveke. Skulle det derimot vise seg at det kjem inn fleire gode innspel kjem dei til å vurdere fleire periodar.

Stor merksemd

Innlegget Lystad la ut på Facebook har fått stor merksemd. Over 120 delingar og mange kommentarar som seier at dette er eit fint tiltak.

Lystad er sikker på at han har vener i Geiranger som vil hjelpe til med å fylle opp kjøleskapet også.

Fleire vil hjelpe

Nedover kommentarfeltet ser ein at han hadde rett i det. Både privatpersonar og restaurantar vil vere med. Dei stiller med både mat og drikke til kjøleskapet og aktivitetar for familien under opphaldet.