Sprang inn til topptid på Bislett

IMPONERTE: Ole Sivert Røyrhus sette ein støkk i konkurrentane då han sprang inn til ei topptid på Bislett.   Foto: Svein Halvor Moe

Nyhende

Ole Sivert Røyrhus imponerte stort i sitt første 800-meterløp for sesongen. Stranda-guten forbetra sin personlege bestenotering med nesten tre sekund då han var i aksjon på sjølvaste Bislett stadion.