LO sin sommarpatrulje er ute på vegen

Mange utan arbeidskontrakt

LO sin sommarpatrulje i Møre og Romsdal starta sommaren i Geiranger

LO sin sommarpatrulje i Møre og Romsdal  Foto: Sommarpatruljen LO M&R

Nyhende

Fokuset deira i år er på å vere synleg og å bli sett. Patruljen er samstundes ute på både fysiske besøk og har ringerundar. I ei pressemelding skriv sommarpatruljen at talet på sommarjobbar er halvert i år samanlikna med tidlegare år.

Korona og restriksjonane det fører med seg fører til mange færre turistar skriv dei. Totalt besøkte patruljen 28 bedrifter i Stranda, Fjord og Sykkylven kommune og typiske turistbedrifter hadde ikkje sommarvikarar i år.

Sjølv om det er lite sommarjobbar tilgjengelege avdekka sommarpatruljen brot i nesten halvparten av bedriftene der dei fekk snakka med nokon. Brotstatistikken på 46,2 prosent er høg står det i pressemeldinga. I all hovudsak er brota mangelfulle eller mangel på arbeidskontraktar med sommarvikarane.