Naudetatane vert hindra

Utrykning stogga av bom

Odd Erling Helland seier at ambulansebilen ikkje kom fram grunna ein vegbom då han ramla og skada seg stygt i april.   Foto: Sykkylvsbladet

Nyhende

Odd Erling Helland seier at ambulansebilen ikkje kom fram grunna ein vegbom då han ramla og skada seg stygt i april.   Foto: Sykkylvsbladet



(Sykkylvsbladet:) I april var Odd Erling Helland frå Brattvåg uheldig å skade seg stygt i skogen, eit stykke frå hytta han og kona har i Fausadalen. Til trass for at han var raskt ute med å ringe 113, kan han fortelje at han låg over to timar i snøen fordi ambulansebilen ikkje klarte å komme til staden grunna bommen inn til hyttefeltet.

Eit eksempel på bom med hengelås på vegen til eit av hyttefelta i Sykkylven.   Foto: Sykkylvsbladet


Odd Erling Helland og kona Solfrid har hatt hytte i Stiglia i Fausadalen sidan 1975. Sidan den gong har det kome opp ein elektronisk bom som skal hindre uvedkommande å kome inn til hyttefeltet. Men 22. april opplevde han at det ikkje berre er uvedkommande som ikkje kjem seg forbi bommen.