Søknad til vidaregåande utdanning

Førsteinntaket er klart

Stranda vidaregåande skule  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Møre og Romsdal fylkeskommune melder i ei pressemelding torsdag at førsteinntaket for vidaregåande utdanning no er klart. Totalt har 9.704 søkarar fått tilbod om skuleplass neste skuleår, av desse er det nesten utelukkande søkarar med ungdomsrett.

Fristen for å svare på om ein vil ha plassen er sett til 10. juli. Andreinntaket blir rundt 3. august.

Det er 82 søkarar med ungdomsrett som ikkje har fått plass i førsteinntaket, noko som er færre enn i fjor.

På VG1 er det totalt 3.946 plassar, og det er gitt 3.904 tilbod om plass. Flest elevar har fått tilbod om studiespesialisering, etterfulgt av teknikk og industriproduksjon, helse- og oppvekstfag og idrettsfag.