Arbeidsløysa fortsatt ned

Færre heilt og delvis ledige

Junitala frå NAV viser at talet på arbeidsledige går ned både i landet, fylket og kommunen

Halvert: Talet på heilt ledige i Stranda er halvert sist månad. Arkiv  Foto: Colorbox

Nyhende

I Stranda kommune står no 226 personar heilt eller delvis utan arbeid. Dette er ein nedgang på 33 prosent siste månaden. Berre sist veke har det blitt nesten 40 personar fleire som er tilbake i jobb. Ved inngangen til juli er det 9,1 prosent av arbeidsstyrken som står utan arbeid.