Hurtigladestasjon på STranda

Fullt batteri på ein halvtime

Det har teke om lag to år å få sett opp hurtigladestasjonen for elbilar på Stranda. I dag var det offisiell opning

Opning av hurtigladestasjon for elbilar. Frå venstre; Terje Årdal(Stranda energi), Inge Bjørdal(Stranda kommune), Vidar Eidså(BKK), Rolf Ness(Møre og Romsdal elbilforening), Per Wille og Jan Ove Tryggestad(Stranda kommune).  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Det var leiar i Møre og Romsdal elbilforening, Rolf Ness, som stod for opninga og høgtidleg kutta snora til den nye hurtigladestasjonen for elbilar på Stranda. Han takka kommunen for spleiselaget og poengterte viktigheita av å ha ein ladestasjon i ei bygd som Stranda.