Det kan løne seg med vinterdekk igjen

Illustrasjonsfoto  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Etter ein rekordvarm juni med temperaturar opp mot 30 varmegrader, har vi så langt i juli hatt ein sunnmørssommar heilt på det jamne. No blir det litt meir hustrig.

Måndag kveld er det venta snøbyer over 800 til 1000 meter over havet, frå tysdag ettermiddag hever snøgrensa seg til rundt 1000 til 1200 meter.

Torsdag melde Geiranger Skywalk at utkikkspunktet på Dalsnibba måtte stenge, grunna snø – og det ser ut som kaldperioden held seg.

Det er venta mest nedbør i vestlege fjelltrakter.

På Strynefjellet på FV15 er det varsla nullføre.

På Strandafjellet er det varsla mykje snø frå midnatt måndag kveld til tysdag morgon.

– Du må rekne med noko ekstra tid til køyring. Bruk riktige dekk og køyr etter forholda. Behov for eventuell brøyting blir vurdert fortløpande. Det kan vere lokalt vanskelege køyreforhold, står det i farevarslet til Meteorologisk institutt måndag.