Over og ut for dagleg post – sjekk kva dagar du bør tømme postkassa

No er det slutt på dagleg postombæring.  Foto: Vidar Ruud

Nyhende

I dag tysdag er det slutt på daglege postutleveringar. Kva dagar postbodet kjem på besøk, kan du sjekke på nettsidene til posten.

Postbodet kjem måndag, onsdag og fredag i ei veke, og tysdag og torsdag i den neste veka, opplyser Posten i ei pressemelding.

Her kan du sjå når bodet kjem dit du bur etter at Posten har gjennomført den største omlegginga si i nyare tid.

For lite post til dagleg utlevering

Endringa kjem fordi mengda post har gått drastisk ned dei siste 20 åra.

–I dag får kvar husstand i gjennomsnitt tre brev i veka, og i åra framover vil det bli endå færre brev, seier konsernsjef i Posten, Tone Wille.

Berre ein av ti meiner omlegginga vil ha negative konsekvensar for dei, viser ei spørjeundersøking utført for Posten. Og for dei som ønskjer å få post kvar dag, er det mogleg å leige postboks.

Den nye omlegginga gjer om lag 1.000 årsverk overflødige. Rundt 35 prosent får anna arbeid i Posten.

– Gjennom godt samarbeid med fagforeininga er det funne løysingar for alle, slik at ingen blir oppsagde, hevdar Posten i pressemeldinga.

957 færre postarbeidarar

Men omlegginga har ført til omfattande nedbemanning, ifølgje Fri Fagbevegelse, som skriv at 957 av dei tilsette til posten ikkje får halde fram i stillinga si.

Fleire postarbeidarar opplyser til bransjemagasinet at dei òg ventar ei større arbeidsmengd som følgje av at dei må distribuere meir post og lære seg nye ruter og rutinar.

– Mange veteranar opplever uvisse ved å bli kasta ut i noko ukjent, i form av nye arbeidsoppgåver og ruter. Når det skjer samtidig som at mange av kollegaene forsvinn ut av Posten, er det fullt forståeleg at dette blir opplevd som tungt og vanskeleg for mange, seier leiar i Fagforbundet Post og finans, Gerd Øiahals, til Fri Fagbevegelse.

Ho understrekar likevel at opplæringa og førebuingane generelt har vore godt gjennomførte.