Sjå video frå konserten ANNO 1883

Konsert med Inga Lill Nydal som syng, Sofie Berge Sæbø på fløyte og Carolin Eide på orgel og piano.

Nyhende

Laurdag 18. Juli var det konsert i Stranda kyrkje. Temaet for konserten var musikk frå tida rundt 1883, då kyrkja stod ferdig.

Konserten bestod av Inga Lill Nydal med song, Sofie Berge Sæbø på fløyte og Carolin Eide på orgel og piano. Ivar Berge stilte med lokalhistorie frå tida rundt 1883 mellom innslaga.

Konserten er ein av fleire dei har haldt i både Hellesylt, Geiranger og Norddal, med variasjonar i musikk og musikarar.