Øvingskøyr i sommarferien

Dette må du ha med når du skal øvingskøyre.  Foto: Statens Vegvesen

Nyhende

Om du er heime i ferien kan det vere lurt å bruke tida på å øvingskøyre, skriv Statens Vegvesen.

– Forsking viser at dei som har øvingskøyrd mykje, er mindre utsett for ulykker etter at dei har fått førarkort, seier Dag Terje Langnes i Statens vegvesen.

Er du ny eller nyleg fylt 16 år kan det vere lurt å byrje med ein køyretime med ein trafikkskule. Den du skal øvingskøyre med kan også vere med på denne timen. Då står trafikkskulen for sjølve trafikkopplæringa, og øvingskøyringa blir brukt til å øve.

Ventetid på sommaren

Bruk ventetida til oppkøyring på å øve ytterlegare.

– Erfaring viser at dei som har brukt mykje tid på øvingskøyring har større sannsyn til å bestå oppkøyringa. Om du stryk er du med på å skape lengre ventetid både for deg sjølv og andre som ønsker å ta førarkortet, seier Langnes.

Vis omsyn

– Har du ein bil med raud L framfor deg, vis omsyn og prøv å sett deg i den uerfarne sjåføren sin ståstad.

Statens vegvesen fortel at det er mange ungdommar som har vore ute og øvingskøyrd og blitt tuta på, ropt etter og opplevd uvettige forbikøyringar.

– Vi har alle vore ferske sjåførar ein gong, seier Langnes.

Sjå Statens Vegvesen sine sider for meir informasjon om øvingskøyring.