Formannskapet har møte måndag

23 søknader til kommunalt næringsfond

  Foto: Colourbox.com

Nyhende

Kommunalt næringsfond skal opp i formannskapet måndag.

Stranda kommune fekk tidlegare i vår ei ekstraordinær løyving til kommunalt næringsfond, i samband med koronaepidemien.

Tildelinga frå Møre og Romsdal fylkeskommune er på 1 544 735 kroner, og skal spesifikt bidra til auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping for å motverke utfordringane koronaepidemien har skapt.

Samtlege kommunar i Møre og Romsdal har fått eit eingongstilskott på 810 000 kroner, samt tildeling basert på innbyggjartal og talet på heilt eller delvis arbeidsledige.

- Det er i 2020 søkt kommunalt næringsfond om totalt 5 418 497 kroner, i til saman 23 søknader. Samla er det eit investeringsbehov i søknadene på 17 769 347 kroner. Samla godkjent kostnadsoverslag er vurdert til 17 689 497 kroner. Eigenfinansieringa i søknadene varierer frå null til 80 prosent, skriv rådmannen i saksutgreiinga.

Tilskotet skal som hovudregel avgrensast til 50 prosent av kostnadsoverslaget i søknadssummen, men unntaksvis kan ein få innvilga inntil 75 prosent tilskott.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet krev særskilt rapportering av tildelingane frå kommunalt næringsfond, noko som ikkje gjeld ordinære tildelingar. Det er òg laga ei særskilt forskrift for tildeling av dei ekstraordinære midlane.

Det er frå tidlegare signalisert frå fylket at det ikkje vil bli fleire tildelingar til ordinært kommunalt næringsfond, som i følge saksutgreiinga har 38. 791 kroner i restverdi. Rådmannen ønsker ikkje at denne resten skal blandast saman med dei ekstraordinære midlane, på grunn av den særskilde rapporteringa.

Bedriftene som har søkt om tilskott frå kommunalt næringsfond:

Uteguiden AS (to søknader)

Brasserie Posten AS

SilkHammer AS

Stranda Hotel AS

eMobility AS

Øyrane AS

Fintfølende Fingre AS

Fjord Nature AS

Stranda Booking AS

Solskjerming Spesialisten AS

2 Hjul Service AS

Ole Johnny Brekke

Stall Siem

Conbelt AS

Knut Hole

Bonseye AS

Møllstunet Willy Fredheim

Galvano AS

Vinje Camping AS

Geiranger Bryggeri AS

Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv