Nordmenn vegde ikkje opp

Nedgang i biltrafikken

Det var venta at nordmenn ville nytte sitt eige land som reisemål grunna Covid-19 i sommar. Dei valde kyst, fjell og Nordland

Det var færre turistar å sjå på utkikspunktet i sommar.  Foto: Arkiv

Nyhende

I ein artikkel på Statens vegvesen sine sider kan ein lese at Geiranger hadde stor nedgang i trafikken både i juni og juli. Størst var nedgangen i juni. Samanlikna med tala frå 2019 var trafikken i år meir enn halvert. Nedgangen var på 55 prosent i Geiranger, men dette var likevel ikkje den største nedgangen i landet. Trafikken til Nordkapp falt med 67 prosent i juni i år samanlikna med fjoråret.