Sunnylven skyttarlag med skarp innsats

Fleire gullmedaljer

I helga arrangerte Aalesund Skyttarlag samlagsstemne i baneskyting i Olsvika i Ålesund

Skyttarar frå Sunnylven Skyttarlag. Frå venstre; Ivar Fivelstad, Isak Elias Frøysadal Hauge, Kristian Andre Frøysadal Hauge, Dag Andre Hauge, Ørjan Frøysadal Hauge og Kirsti Frøysadal Hauge.  Foto: Ola Vangen

Nyhende

Både individuelt og som lag skaut skyttarar frå Sunnylven Skyttarlag gode resultat. I konkurranse med sju andre skyttarlag vant Sunnylven lagskytinga med 292 poeng. Dei tre som var på laget, Ivar Fivelstad, Kristian Andre Frøysadal Hauge og Dag Andre Hauge høvesvis 99, 99 og 94 poeng.