- Trasig for ungdommen

Styret i Stranda Frivilligsentral er bekymra for at eit foreslått nedtrekk i stillinga ved Frivilligsentral vil føre til færre tilbod til ungdommen. Emma Andrine Fjellanger, leiar av Stranda ungdomsråd, er einig: – Dette kan få negative konsekvensar for ungdomsmiljøet på Stranda, seier ho.

Bekymra: I eit brev til kommunen skriv styret at dei er spesielt uroa for at reduserte midlar vil gå utover tilboda til ungdommen.  Foto: Ingrid Hjellbakk Kvamstø

Nyhende

Etter at dagleg leiar av Stranda Frivilligsentral Aud Tomasgard Berstad valde å gå ned i stillingsprosent, la rådmannen si leiargruppe inn forslag om at stillinga skal vere redusert resten året. Dette meiner styret i Frivilligsentralen kan ha konsekvensar for innbyggarane på Stranda.