Feil med ny vegmerking

Må krysse dobbel sperrelinje for å dra på skulen

Nyhende

Før helga vart delar av fylkesveg 60 merka på nytt.

Ikkje alt gjekk etter planen då fylkeskommunen merka fylkesvegen på Stranda. Forbi innkøyringa til Stranda ungdomsskule og Stranda vidaregåande skule har det kome doble sperrelinjer. Her har det tidlegare vore stipla linjer slik at innkøyring til skulane har gått rett føre seg etter reglane.

Å krysse dobbelsperrelinje er strengt forbode, og vil automatisk føre til prikkbelasting på førarkortet og ei saftig bot.

– Vi har fått med oss dei heiltrukne doble linjene, seier Torgeir Bye som er seksjonsleiar for vegdrift i Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Fylket skal etter planen ut onsdag for å rette opp i feilen som er gjort.