Utsette konfirmasjonar gjekk av stabelen i helga

Her er dei første konfirmantane i 2020

Konfirmasjon Stranda 2020: Konfirmasjonsgudstenestene i 2020 er som alt anna annerleis enn tidlegare år, i år vart konfirmasjonane sterkt forsinka grunna koronasituasjonen – samt at det vart sett adgangsavgrensing i kyrkjene. Men stemninga var som alltid prega av høgtid, og det vart ei god stund for både konfirmantane og familiane. Ny tilsett prest Jakob Højlund fekk litt av ein elddåp med fem konfirmasjonar iløpet av laurdag og søndag i helga. 

Nyhende

Første runde med konfirmasjonar i Stranda tettstad, Liabygda, Sunnylven og Humanistisk konfirmasjon gjekk føre seg i helga. Neste konfirmasjonshelg blir laurdag 10. oktober.